DSC_6626 (1).jpg

Nyheter

Velkommen til Nesset Musikkfest 2023

Årets festival byr på større variasjon enn nokon gong! Frå bokbad, musikalsk skogsvandring til Prestaksla, familiedag på Bjørnstjerne Bjørnsons barndomsheim, oktoberfest i juni og den tradisjonsrike avslutningskonserten i Nesset kirke.

Kva har Eidsvåg og Harry Hole til felles? Det vil du finne ut på bokbad og konsert med Jo Nesbø fredag kveld. Fyrste del av programmet vil du møte Endre Ruset som tar publikum med på ei reise gjennom Nesbø sitt forfattarskap og avsluttast med eit eksklusivt intervju med Nesbø. Ein gitar, bass, munnspel og to stemmer. På ein god kveld trengst ikkje meir for å skape latter, ettertanke og nærleik. Dette leier oss til del to av programmet, der Jo inntar scena i lag med sin gode venn Lars Jones.

Jo Nesbø

Laurdagsprogrammet står i naturens teikn. Kva er vel betre enn å starte laurdagen med ei musikkvandring? I samarbeid med Romsdalsbanken og Istad kraft går vi opp sherpatrappa til Prestaksla ­­­– Lytt godt og la sansane ta inn inntrykk frå både naturleg og menneskapt kunst. På toppen ventar ein minneverdig konsert med Brasskompaniet på eit av dei flottaste utkikkspunkta i landet!

Brasskompaniet

Frå sherpatrappa er vegen kort ned til Nesset Prestegard. Her fortsetter festivalprogrammet med ein dag for heile familien. Konsertar, barneforestilling, omvising i hovudhuset og mykje meir! Det vert høve til å kjøpe mat og drikke på tunet, om ein ønskjer å kvile seg litt mellom innslaga. Der ingen skulle tru ... At nokon kunne arrangere oktoberfest? Laurdag kveld spelar Brasskompaniet og Norwegian Lovebugs opp til festleg lag på Prestegardstunet. Pretzel, bratwürst og passande forfriskingar – sikre deg billettar i god tid, for ein uforgløymeleg, lattermild kveld i ompaens teikn.

Norwegian Lovebugs

Søndag avrundast Nesset Musikkfest 2023 i tradisjon tru med konsert i Nesset Kirke. Kyrkjekonserten samlar mange av artistane du har fått møte gjennom festivalhelga: Mellom anna vil du få høyre fiolinsolist i toppklasse, Catharina Chen, møte Brasskompaniet i forrykande samspel.

Kom og bli med på festen du aldri gløymer!

Catharina Chen